I neste veke startar entrepenørane opp arbeidet med bakgarden. Det skal fram mot vinteren jobbast med:
- Skur for syklar, barnevognar o.l. foran Breigata 14
- Klargjering av arealet som er inngjerda for vinteren (fjerning av gjerder o.l.)
- Avlåsing av port mellom Breigata 18 og 20
Vi håper at dette er ferdigstilt i løpet av oktober, før vinteren kjem.
Avlåsing av port mellom Breigata 18 og Breigata 20
Som tidlegare vedteke av styret (etter høyringsrunde med bebuarar i Breigata 18 og Breigata 20), vil porten mellom Breigata 18 og Breigata 20 bli avlåst til dagleg. I tilfelle brann vil den automagisk bli opna, og personar med særskildte behov som til dømes rullestolbrukarar og liknande, vil kunne be Styret om tilgang til porten.
Utfordring med prosjektet
Styret må beklagelegvis informere om at vi har nådd på ein sak som har medføyrd forseinking av bakgardsprosjektet.
Bak Breigata 16 er det ein firkanta betongkloss som er gravd ut. Dette er taket til heissjakta som tilhøyrer garasjeanlegget, ei heissjakt som ikkje er i bruk.
Vi har søkt om å få fjerna denne, men eigar av garasjeanlegget har nekta oss dette. Saken er ikkje avslutta, og vi vurderar rettslege steg vidare sidan det er tydeleg innkrenking på vårt areal. Dersom vi ikkje lukkast med dette, har vi alternative løysninger.
Heissjakta er merka med raudt på biletet under.