Fjernvarme-rekneskapen ferdig, utbetaling og faktura på veg

I burettslaget vårt har alle andelar eigen målar for varmtvatn og radiatorvarme. På portalen kan du sjå kor mykje forbruk du har.

Kvar månad blir det betalt fakturert eit estimert beløp. Om du har mindre forbruk enn forventa, vil du no i løpet av få dagar få dette betalt tilbake. Om du har hatt meir forbruk enn estimert, vil du få ein faktura på mellomlegget.

Om du har meirforbruk får du i løpet av nokre dagar ein faktura med 14 dagars betalingsfrist.

NB! Hugs at estimatet er låst – det blir ikkje justert frå år til år. Så om du no får ekstra-faktura, kan du forvente å få det neste år òg dersom du ikkje kuttar på forbruket ditt.

Ved sal av andel blir det avrekna og fordelt på dei ulike eigarane sin tid.

Ekstrarekning frå ABBL

Det er sendt ut ekstrarekning frå ABBL for avrekning lån. Grunnen til dette er at det er frå ABBL si side fakturert ut mindre månadleg faktura for å dekke lånet enn avdraga var. Mellomlegget er difor fakturert ut. Vi er i dialog med ABBL om avklaring korleis å unngå dette i framtida.

Dugnad 12. mai! Komprimatorbil!

Måndag 12. mai er det dugnad i borettslaget! Vi skal få fellesareal ryddig og fint til 17. mai og sommaren. Møt opp frå klokka 17 og utover.

Det er mange ting vi skal få gjort frå rydding, vasking, maling, fiksing, ugressluking og anna. Vi finn ei oppgåve som passar – alle kan bidra!

Om du vil bidra med noko mat, kake eller liknande så er det veldig koseleg! Vi stiller uansett med kaffi, te og brus. Og sjølvsagt hanskar og anna du treng for sjølve jobbinga.

Komprimatorbil 12. mai

Det blir moglegheit for å kaste møblar og anna avfall før 17. mai. Det blir som vanleg først ein runde med gjenbruk før øydelagde ting kan settast ut. Hugs – ikkje maling, bildekk og anna farleg avfall.

Avrekning for varmtvatn 2024 er forseinka

Vi ventar på talgrunnlag for å kunne fakturere for varmtvatn og oppvarming i 2024. 

Over felleskostnadane betalar du eit estimert beløp for bruk av varmtvatn og oppvarming. Alle andelar har målar som følgjer med på faktisk forbruk, og ein gong i året gjer vi avrekning der nokon får faktura for meirforbruk og nokon får tilbakebetalt om ei har betalt for meir enn forbruket.

Målarar for ein del andelar har ikke rapportert siste halvdel av 2024, og leverandøren (ISTA) jobbar med å fikse dette så vi får gjort avrekning.

Taka på rekkehusa må få fiksa membranen

Det vil vere behov for å opne opp trappegangen til alle rekkehusa sine takterrasser, og rette opp i membranen. Det blir samtidig gjort undersøkelse om det er fleire funn, på den enkelte takterrasse.

Bakgrunnen er at det har vore vatnskader på to andelar, og ved opning er det funne råte. Det er gjort sjekk på fleire andre rekkehus og funne det som ser ut som systematisk feil.

Du vil kunne bruke takterrassa som normalt i sommar (iallefall juli), men må vente arbeid på seinsommar/haust.

Les meir (nyheitsbrev tidlegare sendt til alle rekkehusa)

Kvitte deg med ting? Komprimatorbil

Har du ting som du ikkje brukar i bod eller leigenheit/rekkehus? No kan du kvitte deg med ting – vi har komprimatorbil igjen!

Sett ting kun på presenninger! Er ikkje det plass – stable.

Fredag 24/5 kl 18 og Laurdag 25/5: Gjenbruk

Ting som kan gjenbrukast – frå elektrisk til møblar, klede, bøker osv. Ikkje avfall. Forsyn deg gjerne!

Søndag 26/5: Gjenbruk + ikkje-gjenbruk

Du kan komme med ting som ikkje funkar lengre, t.d. øydelagde møblar, i tillegg til ting til gjenbruk. Forsyn deg gjerne fortsatt av ting som du vil ha!

Papp og avfall frå ombygging? Bruk gjenbruksstasjonen 150 meter borti gata

Kvar måndag klokka 16 til 17:30 er det ein mobil gjenvinningsstasjon få meter unna oss (Helga Helgesens plass) kor du kan levere alt frå elektrisk avfall, trevirke, maling og papp. Vi setter pris på om du leverer papp dit, framfor legger det i bakgarden. Meir info

Etter søndag kl 21: Ingenting!

Du kan ikkje komme med fleire ting etter søndag klokka 21, inkludert måndag. Måndag blir ting henta, og det er basert på kva som er der søndag kveld. Sett du ut ting etter klokka 21 søndag (inkludert måndag) vil du bli fakturert for dette.

Ikkje alt kan kastast