Alle leigenheiter og rekkehus fekk ved bygging ein brannslange under vasken på kjøkenet. Ein gong i året skal denne testast – og det er ditt ansvar.
Korleis teste brannslange
Rull ut slangen, gjerne bort til balkongdør elns. Skru på ventilen under vasken, slik at det er vatn i slangen. Gå så til enden av slangen, og opne der. Spyl eit minutt eller to – bruk kanskje anledninga til å spyle balkong eller leigenheita utvendig?
Når du er ferdig med å teste, skru først igjen vatnet under vasken og la mest mogleg vatn komme ut av slangen. Steng til slutt ventilen på enden av slangen, rull opp og plasser under vasken igjen.
Har du ikkje brannslange?
Dersom du (eller dei som budde der før deg) har fjerna brannslangen, må du sjølv sørge for å ha eit alternativ, som skum- eller pulverapparat på minst 6kg. Les meir om dette
Kan alle bruke slukkeutstyr?
Brannslange eller anna slukkeutstyr må vere testa årleg, og alle som bur hjå deg, inkludert born, må vite korleis å bruke det.
borettslaget, og dersom deres barn tar med venner inn for å leke er det viktig at også disse barna må vite om reglene våre, som f.eks. ikke klatring på gjerder, ikke sykling på plen, forsøpling o.l.