Dugnad 12. mai! Komprimatorbil!

Måndag 12. mai er det dugnad i borettslaget! Vi skal få fellesareal ryddig og fint til 17. mai og sommaren. Møt opp frå klokka 17 og utover.

Det er mange ting vi skal få gjort frå rydding, vasking, maling, fiksing, ugressluking og anna. Vi finn ei oppgåve som passar – alle kan bidra!

Om du vil bidra med noko mat, kake eller liknande så er det veldig koseleg! Vi stiller uansett med kaffi, te og brus. Og sjølvsagt hanskar og anna du treng for sjølve jobbinga.

Komprimatorbil 12. mai

Det blir moglegheit for å kaste møblar og anna avfall før 17. mai. Det blir som vanleg først ein runde med gjenbruk før øydelagde ting kan settast ut. Hugs – ikkje maling, bildekk og anna farleg avfall.