1. Generelt om ventilasjon til rekkehusa
I rekkehusa er det balansert ventilasjon – kvart enkelt rekkehus har sitt eige anlegg av type Flexit SL 4R med varmegjenvinning.
2. Normal bruk av ventilasjonen
Du kan lese driftsmanualen for ventilasjonsalegget i PDF-fil.
2.1 Ventilasjon på baderom
På baderom i første og tredje etasje er det montert eit tidsur på veggen, der du i minutt kan skru på full ventilasjon. Det er viktig å skru på dette når det blir fuktig på baderommet, t.d. før du dusjer eller om du skal luft-tørke klede.
2.2 Luftavtrekk på kjøken
På kjøkenet er det montert kjøkenhette av type Brasserie-E. denne har ikkje motor i seg sjølv, men ein brytar du kan vri på for å opne spjeldet og skru opp effekten på ventilasjon i bygget. Det er viktig at du skrur på ventilasjonen før du lagar mat.
Du kan lese meir i brukarmanualen til Brasserie E.
Skifte kjøkenhette? Les meir om dette i Boligperm for blokkene
2.3 Justering av temperatur og trykk
På teknisk rom i første etasje er det plassert eit styrepanel av typen Ci50, som du med bruk av knappar kan justere temperatur og lufttrykk kor kraftig anlegget er).
Du kan lese meir i brukarmanualen til ci50
Justering av lufttrykk
Ved å trykke på pilene opp/ned vil krafta på motoren i anlegget endre seg, og indikator går frå minst (i) til høgst (iii).
- Mindre trykk enn normalt. Typisk når du er på ferie.
- Normal drift
- Når det er behov for høgare trykk, t.d. om det er dusjing og liknande. Anlegget skal normalt sett ikkje stå på dette i meir enn 90 minutt.
Justering av temperatur
Ved å trykke på pilene til venstre/høgre blir ynskja temperatur på lufta som blåsast inn i rekkehuset justert. Normalt sett står anlegget på dei to midterste lysa, som indikerer ynskja temperatur 20°C. Sjå elles tabellen på side seks i brukarmanualen.
3. Vedlikehald av ventilasjonsanlegget
Vedlikehaldet av anlegget er ditt, andelseigar, sitt ansvar – ikkje burettslaget.
3.1 Filterskifte [halvårleg]
Kvart halvår må to filter skiftast. Desse filtera reinsar ut pollen og andre partiklar som blir sugd inn utanfrå, og sørgjer for frisk luft. Dersom filter ikkje blir skifta vil motoren måtte jobbe ekstra hardt, noko som gjer at den bråkar meir, er mindre effektivt og medfører skade på sikt.
Filter blir kjøpt inn og levert ut av burettslaget to gongar kvart år – men du må sjølv skifte filter.
3.1.1 Skru av anlegget
Skru av anlegget ved å dra ut straumkabelen.
3.1.2 Opne dekselet til anlegget
Dekselet er festa med ein enkelt skrue på toppen. Skru ut denne, og vipp ut dekselet.
3.1.3 Skift første filter
Det første filteret står heilt inne ved veggen, til venstre i anlegget. Her dreg du det rett ut, støvsug der filteret stod, og set inn nytt. Skriv på dato med tusj eller penn, slik at du veit når det vart skifta.
3.1.4 Skift andre filter
Filter nummer to sit i ein kassett som er festa med to tommel-skruar. Du kan anten bruke stjerne-skrutrekkar eller skru med fingrane. Dra ut kassetten, ta ut gamle filteret, støvsug der det gamle filteret var og der kassetten stod, skriv dato på nytt filter, sett i nytt filter og skyv kassetten tilbake. Skru igjen tommelskruane.
3.1.5 Fest dekselet og skru på anlegget
Skru att dekselet med skruen du fjerna i 3.1.2, og skru på anlegget ved å dytte i straumkabelen i veggen.
3.2 Vasking av feittfilter på kjøkenet [kvar 2. månad]
Om lag kvar andre månad, eller oftare ved hyppig bruk, bør filteret i kjøkenhetta vaskast. Les meir om dette på side fem i brukarmanualen.
3.3 Vasking av ventilar [årleg]
Ventilane som stikk ut i kvart opphaldsrom «bokser med hôl oppe ved taket») må vaskast ein gong i året. Detanbefalast at du hekter dei av, og vaskar godt med såpevatn.
3.3 Vasking av viftemotor [årleg]
Viftemotoren bør reingjerast ein gong årleg, vi anbefalar at dette blir gjort typ mars kvart år saman med filterskifte, slik at anlegget er reint og fint før pollensesongen startar. Les meir om dette på side 31 i driftsmanualen.