Tirsdag 14. november 2017 frå klokka 08 til 15 er det vedlikehald på ventilasjonen til rekkehuset ditt. Ein teknikar skal komme innam deg for å teste anlegget og skifte filter.
Før dette skjer, må du:
- Rydde teknisk rom i første etasje slik at det er mogelg å komme til anlegget
- Det må vere 1 meter fri plass foran anlegget (langs veggen)
- Anlegget må ha straum og stå på
Arbeidet vil ta mellom 10 og 30 minutt. Vi kan ikkje love at du blir tatt først eller sist, teknikaren vil starte i ei ende og jobbe seg gjennom. Dei som ikkje er heime vil få besøk dagen etter, onsdag 15. november frå klokka 08.