Generalforsamlinga 2016: Nytt styre og meir

Generalforsamlinga i Borettslaget 4 Blocks vart helde 1. juni 2016. På møtet blei det diskutert store endringar i burettslaget som oppseiing av kollektiv avtale med Get og renovering av bakgarden. Store delar av styret blei og skifta ut.

Nytt styre

Eit nytt styre blei vald, med stor utskiftning. Etter generalforsamlinga består styret i burettslaget av:

  • Styreleiar: Ole Håvard Voicu-Lundvold, Breigata 12
  • Styremedlem: Andreas-Johann Østerdal Ulvestad, Breigata 14
  • Styremedlem: Steffen Olsen, Breigata 12
  • Styremedlem: Thomas Haaland, Breigata 18
  • Varamedlem (1.): Gry Therese Gjerstad Myhre, Breigata 16
  • Varamedlem (2.): Olav Endresen Haukeli, Breigata 12

Styret har konstituerande styremøte måndag 13. juni, og kjem etter dette med meir informasjon om arbeidet framover.

Renovering av bakgarden

Det blei vedtatt å renovere bakgarden i burettslaget. Det er håp om at arbeidet kan starte allereie no til hausten i 2016, og arbeidet er planlagt å vare fram til sommaren 2018. Styret kjem med meir informasjon om dette, inkludert eventuell endring av felleskostnadane.

Oppseiing av kollektiv avtale med Get

Generalforsamlinga vedtok å seie opp den kollektive avtalen. Som følgje av dette vil kostnaden på 300kr per bueining bli fjerna frå felleskostnadane. Styret arbeidar med ulike alternativ frå fleire leverandørar, og kjem tilbake med meir informasjon innan den kollektive avtalen går ut 1. november 2016.

Gratis internett til alle i burettslaget

Generalforsamlinga vedtok å inngå avtale med Lynet Internett om å installere internettpunkt i alle leiligheter og rekkehus. Etter at dette er gjort i løpet av hausten 2016 vil alle ha 2 megabit (både opp- og nedhastighet) gratis. Det vil vere mogleg å få raskare internett frå både Lynet og frå Get, alt etter kva som passar den enkelte.

Protokoll

Du kan laste ned protokollen frå generalforsamlinga her: 4_Blocks-Generalforsamling_2016-Protokoll.