Burettslaget vart starta i 2008, og har sidan då hatt årleg generalforsamling, med nokre ekstraordinære.
På denne sida har vi samla oversikt over innkalling og protokoll, samt andre nyttige dokument, på ein plass.
Generalforsamling i 2024
Generalforsamlinga vil finne stad mellom påske og sommaren, sannsynlegvis mot slutten av april eller starten av mai. Informasjon kjem kring påske.
Ekstraordinær generalforsamling 2023
Ei ekstraordinær generalforsamling vart gjennomført digitalt i november 2023 etter at styreleiar måtte trekke seg, og ny styreleiar vart vald.
Generalforsamling 2023
Generalforsamlinga i 2023 vart gjennomført fysisk.
Generalforsamling 2022
Generalforsamlinga i 2022 vart gjennomført fysisk.
Innkalling | Protokoll
Generalforsamling på nett i 2021
Generalforsamlinga i 2021 vart gjennomført på ABBL sin nettportal. Meir informasjon om dette er i innkallinga. Det vart i tillegg gjennomført video-bebuarmøte på førehand, søndag 2. mai kl 17.
Innkalling | Presentasjon til bebuarmøtet | Protokoll
Ekstraordinær generalforsamling i 2020
Generalforsamlinga hadde fokus på sakar vidaresendt frå normal generalforsamling tidlegare på året, som endring av vedtekter, individuell nedbetaling av felleslån (IN-ordning) eller vurdering av rentebinding på kring 1%, samt val.
Generalforsamlinga i 2020
Denne generalforsamlinga er grunna Korona-situasjonen gjennomført på nett. Det er planlagt eit bebuarmøte på hausten når det er tryggare å møtast fysisk.
Innkalling med årsberetning | Artikkel om møtet | Protokoll
Generalforsamlinga i 2019
Innkalling med årsberetning | Protokoll
Generalforsamlinga i 2018
På denne generalforsamlinga vart det, i tillegg til dei vanlege sakane, gitt ein djubdeorientering om økonomien i burettslaget og endring i vedtektene om vedlikehaldsplikt for andelseigarar.
Filer: Innkalling | Årberetning 2018 | Protokoll
Generalforsamlinga i 2017
På denne generalforsamlinga vart det berre behandla vanlege sakar.
Innkalling med årsberetning | Protokoll
Generalforsamlinga i 2016
På denne generalforsamlinga vart det, i tillegg til dei vanlege sakane, behandla sakar om rehabilitering av bakgarden, oppseiing av kollektiv avtale frå Get om internett og TV samt vedtektsendringar knytt til eigedomsskatt.
Innkalling med årsberetning | Protokoll
Generalforsamlinga i 2015
På denne generalforsamlinga vart det, i tillegg til dei vanlege sakane, behandla sakar om videoovervaking, fastrente for fellesgjeld, utviding av løpetida på fellesgjeld, overgang til elektronisk kommunikasjon med bebuarar og oppseiing av kollektiv avtale med Get om internett og TV.
Innkalling med årsberetning | Protokoll
Ekstraordinær generalforsamling i 2014
På møtet vart det behandla forslag frå styreleiar om ansetting av han i ei prosjektstilling.
Innkalling | Protokoll
Generalforsamlinga i 2014
På denne generalforsamlinga vart det, i tillegg til dei vanlege sakane, behandla sak om aukt honorar til styret.
Innkalling med årsberetning | Protokoll
Generalforsamlinga i 2013
På denne generalforsamlinga vart det berre behandla vanlege sakar.
Innkalling med årsberetning | Protokoll
Generalforsamlinga i 2012
På denne generalforsamlinga vart det, i tillegg til dei vanlege sakane, behandla sak om skadedyr.
Innkalling med årsberetning | Protokoll
Ekstraordinær generalforsamling i 2011
På denne ekstraordinære generalforsamlinga vart det berre behandla ein sak om fastre på felleslån.
Generalforsamlinga i 2011
På denne generalforsamlinga vart det blant anna, i tillegg til dei vanlege sakane, behandla sakar om bruksoverlating og fastrente i Husbanken.
Innkalling med årsberetning | Protokoll
Generalforsamlinga i 2010
På denne generalforsamlinga vart det behandla ein del ekstraordinære saker som var knytta til at burettslaget var nytt.
Innkalling med årsberetning | Protokoll
Generalforsamlinga i 2009
Innkalling med årsberetning | Protokoll