Kodepanelet (der du bruker brikka for å opne) til gå-porten er no flytta frå ved sidan av porttelefonen og på stolpa rett til høgre for sjølve porten.
Den nye plasseringa gjer at det blir enklare å komme inn i borettslaget, og kjem etter tilbakemelding frå bebuarar.
Det gamle kodepanelet heng framleis ved sidan av porttelefonen. Dette panelet blir no brukt for å styre bil-porten. Frå etter påske vil det vere mogleg å bestille tilgang til bil-porten ved flytting o.l., mot eit gebyr.
Det skal hengast opp lappar for å merke dei ulike kodepanela.
Oppdatering torsdag 22. februar
Det er no hengt opp lappar for å markere dei ulike kodepanela.