I starten av mai kjem det konteiner i burettslaget. I denne kan du kaste møblar, store pappesker og anna som ikkje vanlegvis kan kastast. På tide å ta ei rydding i boda kanskje?
I starten av mai (sannsynlegvis måndag 1. mai) blir det satt konteiner i bakgarden.
I konteineren kan det kastast avfall som ellers er ditt personlege ansvar; møblar, innpakking til møblar, byggmateriale og liknande.
Merk – farleg avfall (maling, batteri, el-avfall o.l.) skal ikkje i den store konteineren.
Vi har konteiner fire gongar i året. Utanom desse fire gongane er det ditt ansvar å fjerne slikt avfall sjølv, eller oppbevare det i bod e.l. fram til neste gong vi har konteiner.
Det er ikkje lov å plassere avfall, møbler o.l. foran søppelområdet.