Alle får nye postkasseskilt
Styret har fått tilbakemelding frå Posten og andre om at det er vanskeleg å finne rett postkasse. Vi har difor inngått avtale med eit selskap om trykking av skilt til alle, slik at alt ser likt ut. Sjå nyhendebrevet som er lagt i postkassa di for kva som kjem til å stå på ditt. Frist for å varsle om feil/endring er tysdag 18. november.
Forbod mot eigenproduserte skilt
Frå og med når nye skilt blir satt opp på postkassene, vil vaktmeister få beskjed om å fjerne alle eigenproduserte skilt. Du vil kunne bestille nye skilt frå vår leverandør (til godt rabatterte prisar), som og sørgjer for å følge vår mal.
Skilting av bolig, dører og området
Alle hus og leigenheiter vil bli merka med eigne skilt som indikerer andelsnummer og leigenheitsnummer (t.d. H0204). Dette gjer det enklare å finne fram. Det er og bestilt ny skilting for at folk skal finne fram til rett hus.
Dette er ein kortversjon av nyhendebrevet alle har fått i postkassa si 9. november 2014. Les heile nyhendebrevet (PDF-versjon).