Postkasse 2.0 blir demontert onsdag 14. april
I ei lengre tid har vi no vore del av Posten sitt testprosjekt med Postkasse 2.0, kor vi har fått SMS-varsel ved levering av post, kasser for henting av store pakker og liknande. Test-prosjektet var ferdig i fjor sommar, men vi har fått beholdt kassene litt lengre grunna prosess med å finne ut kva vi gjer etterpå.
13. april må du hente ut posten i kassa di
Du må hugse å hente posten din før den 13. april. Alt som er igjen her 13. april blir henta av Posten og levert når nye kasser er på plass.
Dette skjer:
- 11. april kjem Låshuset og skiftar sylinder på alle postkasser som har bedt om det (skjema som må fyllast ut innan 6. april er sendt til alle i Breigata 18 og 20).
- 13. april hentast posten som ligg att i Postkasse 2.0
- 14. april blir Postkasse 2.0 demontert
- 15. april blir nye postkasser for Breigata 12 og rekkehusa montert
- 15. april blir nye postskilt montert i Breigata 18 og 20
- 19. april er første dag med postlevering att
Bur du i Breigata 18 eller 20? Du skal ta i bruk gamle postkasser og må fylle ut skjema innan 6. april
Du skal ta i bruk gamle postkasser i oppgangen din
Frå torsdag 15. april skal du igjen hente posten i den gamle postkassa di. Du må passe på å sjekke at nøkkelen din passar. Normalt kostar det ca 1800kr å få skifta lås og få nye nøklar, men alle som melder inn behov for nye nøklar får skifta låsen for kun 1100kr ved utfylling av skjemaet.
Du må fylle ut skjemaet innan 6. april
Alle bebuarar i Breigata 18 og 20 har fått e-post med informasjon om postkasser, og med lenke til eit skjema som må fyllast ut innan 6. april. Her kan du velgje kva som skal stå på skiltet ditt (om det må skiftast ut), og om du har behov for nye nøklar.
Berre skilt frå burettslaget er godkjend
Du kan ikkje lage eigne skilt, skrive på postkassa eller bruke etikettar. Dersom det som står på skiltet ditt er feil, fyll ut skjemaet innan 6. april.
Bur du i Breigata 12 eller rekkehusa? Du får nye postkasser
Vi får montert nye postkasser der Postkasse 2.0 står i dag. I første omgang er det Breigata 12 og rekkehusa som får det, då deira postkasser ikkje kan brukast vidare grunna sikkerheit.
Dei nye postkassene har digitale skilt, så vi kan fortløpande endre namna. Du opnar postkassa med brikka di.
Meir informasjon kjem rett etter påske.