Styret arbeider no med vedlikehald av rekkehusa i burettslaget. Vi har som mål å få gjennomført vedlikehaldet i løpet av ein månad, men det kan ta noko lengre tid.
Når det er klart tidsrommet for handtverkarar kjem Styret til å ta ein runde og snakke med alle som bur i rekkehusa for å avtale tid for vedlikehald.
1. Ventilasjonen
Alle rekkehusa har eit eiga ventilasjonssystem. For at dette skal fungere effektivt og ha lang levetid er det viktig at det blir regelmessig blir vedlikehalde. Det er gjennomført ein kontroll på alle ventilasjonsanlegga, og dei fleiste fungerer fint. I løpet av våren vil det bli tatt ei ny runde med vedlikehald for å bytte pollenfilter i alle system, pluss å reparere dei som ikkje fungerer optimalt. Vi venter på beskjed på når reservedeler og pollenfilter er på lager slik at vi kan avtale vedlikehald. Vi ventar svar mot slutten av mars.
2. Merking av husa
Det første og siste huset i begge rekkene (14A, 14H, 16A og 16G) vil bli merka med skilt i løpet av våren. I tillegg blir det satt opp eit skilt ved porten som viser kor ulike hus er.
3. Dørpumper
Det skal bli montert dørpumper på inngangsdørene til husa. Dette gjer at dørene lukker seg sjølv, og vi slepp skader på dørene. Monteringa blir gjort når vedlikehald på ventilasjonen gjerast.
4. Porttelefon
Det vurderast å installere porttelefon i alle rekkehusa. Dette blir isåfall gjort nærmare sommaren, når det er aktuelt å gå frå kode til nykkel på porten.